
![]() |



Voss har tradisjonane, idrettsstjernene og utfordrande, vakker vestlandsnatur. No skjer det mykje nytt også, med f. eks. etterlengta ekspressheis i Bavallen og nytt skitrekk og besøkssenter i Voss Fjellandsby. Men på Voss er det ikkje berre ski som gjeld. Småbyen Voss er regionsenter med allsidig handletilbod og uteliv, restaurantar og overnattingsstader for ein kvar. Her er det opplevingar å finna for alle. Med eit spanande kulturliv, aktivitetar heile familien kan kosa seg med, eller meir ekstrem utfalding, er Voss meir enn ein gjennomsnitts norsk ski-destinasjon. Som vossingar er me ubeskjedne nok til å seia: “Velkomen til Voss, ditt nærmaste vinterparadis!”.