Velkomen til ei flott vinteroppleving i Voss Fjellandsby!

I Myrkdalsstovo får du god mat, lunsjen kan du ta på Vetlebotn Stølskafé, eller du kan traktera grytene sjølv på det velutstyret kjøkkenet i hyttene. Ønskjer du ikkje å laga mat sjølv overnattar du i Myrkdalsstovo.
Andre tilbod: skiskule, skiutleige, store akeområde, turløyper, flotte familievenlege løyper, kanefart, fjellguiding og fantastiske laussnøtilhøve.

Slik kjem du hit:

Frå Bergen International Airport eller Bergen Havn køyrer du til Voss på 1,5 timar. Du kan også ta toget til Voss. Avstanden frå Bergen til Voss er ca 100 km. Legg til 25 km så er du i Voss Fjellandsby. Du er her på under to timar.

Ønskjer du å gjera hyttedraumen permanent?

Over 220 einingar er alt selt og reservert, og salssuksessen fortset. Berre i fjor vart det selt 30 einingar av tomter og fritidsleilegheiter. Alle ligg med ski inn – ski ut avstand til skianlegget.
I Voss Fjellandsby finn du gode fasilitetar i og rundt hytta. Landsbyen ligg lett tilgjengeleg, og familien slepp lang reise frå heim og arbeid – det er hyttelivet på sitt beste!
For informasjon, kontakt Voss Fjellandsby, tlf. 56 53 10 30
www.vossfjellandsby.no