Alle heisane er opne denne helga i Voss Fjellandsby! Sesongopninga var 17. og 18. november. Sjå www.vossfjellandsby.no
Voss Fjellheisar har hatt sesongopning på Hanguren, men no til helga ser det ut til at Tråstølen, Slettafjellet og Horgaletten blir opna. I tillegg er det nye barneområdet i Bavallen klart. Meir info på www.voss-fjellheisar.no
Voss Fjellheisar, Bavallstunet og Voss Prosjektutvikling har gått saman i Voss Resort, med felles profilering og utvikling av tilboda i og rundt alpinanlegget som mål.
Voss Resort tilbyr i år nytt barne-omåde ved ekspressheisen og velkomstsenteret i Bavallen. Det er ny skiskule og skiutleige i Bavallen. I tillegg finn du ei ny og forbetra flytløype frå toppen av Ekspressheisen og heilt ned i Bavallen. 5 min. opp, 20 min på ski ned igjen!
Voss Resort Bavallstunet har rusta opp for 10 mill. og tilbyr topp moderne fasilitetar like ved løypene i Bavallen.
Voss Fjellandsby presenterer i år eit nytt barneområde tilpassa dei aller minste og ferskaste når det gjeld å gå på ski. Her finn du eit rulleband kombinert med ulike aktivitetar, særskilt tilrettelagd for låg fart. Området ligg i tillegg skjerma frå resten av skianlegget, så alt ligg vel til rette for å læra å stå på ski på ein trygg måte.
Ved Kari Traa–trekket i Voss Fjellandsby blir det denne sesongen preparert nye løypetrassear.