
![]() |
![]() |
|
|
Ingemar Stenmark slo igjennom med World Cup–siger på Voss i 1974.
|
Kari Traa – gull i freestyle kulekjøring i OL 2002, sølv i 2006 og bronse i 1998. 4 VM-gull, 3 VM-sølv og 33 verdscupsigrar.
|
|
![]() |
Jan Einar Thorsen
som vinnar av verdscupen i Super–G totalt. |
![]() |
Voss er ein av dei mest tradisjonsrike vintersportsstadane i landet. Heilt fra 1914 har Voss stått som arrangør for NM og andre store skirenn i nordiske greiner og seinare i alpint og freestyle. Fire gonger sidan 1970 har verdseliten i alpint vore samla til World Cup på Voss. I dei seinare åra har det vore arrangert alpin–VM for junior og World Cup–avslutning i freestyle kulekøyring. I vinter er det nok ei gong World Cup freestyle på Voss.
Dyktige arrangørar, dugnadsånd og flotte skianlegg har gjort dette muleg. Dette har også skapt verdstoppar på rekkje og rad innan vinteridrett. Ingen andre vintersportstader i verda har hatt fleire OL-deltakarar. Berre i OL i Albertville var det 9 vossingar på startstreken!
Kari Traa, Kristen Skjeldal, Eirik Kvalfoss, Anne Elisabeth Elvebakk, Jan Einar Thorsen... Dette er nokre kjende namn frå sportssendingane. Kom og opplev staden der dei trådde sine barneski: Voss!