Voss kommune har store fjellområde, sjå kart under denne linken. Her er utfordringar nok for fjellvande skiløparar. For oss vanlege dødelege er det enklare alternativ:
Bømoen ski- og trimløype, 11 km, ligg 2 km frå sentrum og er delvis dekka med snøkanon-anlegg og lys.
Dalane skianlegg 15 km frå sentrum. Lysløype: 3,3 km. Løype utom Skjeldal: ca 10 km.
Lysløype ved Todalen/Lemme: 2 km, flatt og fint.
Frå Lemme til flott utsikt ved Liaset, ca 4 km. Bratt terreng i starten.
Lysløype ved Bordalen skule: 3 km
Herresåsen, 10 min køyring frå sentrum, er innfallsporten til Otledalen og Grønahorgi. Barnevenlege løyper.
Fleire turforslag på neste side.